av: Olav Husa

Eg er fiskar, og ser med vantru på at det faktisk er i ferd med å skje: Gigantiske industriområder for havvind blir trumfa igjennom midt i fiskefelt, gyteområder, fugletrekk og i områder med stor skipstrafikk. Ein ny bløff om at straumen kun går til Norge skal få folk som ikkje veit betre (t. d. politikarane sjølve) til å sluka agnet. Alt dette er så absurd at ein må lura på kva i all verden det er dei har blanda i maten dei serverer i kantina på Stortinget. Ein ting som det er fokus på på land, er skyggekast frå vindmølleblad som er eit stressande uromoment for folk og dyr. Men er dette sett fokus på til havs? Alle som har prøvd å fanga ein fisk med nevane i fjæra då dei var små, lærte fort at skygge i frå armane, straks fekk fisken til å flykta. Eg har og drive kvalfangst i fleire år, og me veit at om skyggen frå masta som brått slingrar over og treff synsfeltet til kvalen gjer at kvalen "kvepp" og dykkar. Korleis vil hundrevis av roterande vinger som ustanseleg klipper lyset i overflata påverka raudåte, fiskeyngel, kval og anna liv i dei øvre vannskikt trur de? Fisk oppfattar naturlegvis bråe skyggar som angrep ovanfrå frå fuglar. Sjøfuglane forsvinn nok etterkvart i havområda der dette vert sett opp. Men fluktinstinktet som ligg programmert i det som lever i havet vil nok ikkje fjernast av den grunn. Det er ikkje berre dyr og menneske på land som oppfattar bråe bevegelsar som fare og blir stressa av det. I tillegg kjem støyforureininga igjennom stålkonstruksjonane og ned i havet, og forplantar seg over enorme avstandar under vatn. Og kva med levetid på blad, vedlikehald og kostnader? For dei ansvarlege finst det ein stor "fordel" med vindmøller til havs: - Fuglekadaver og plastavskallinga frå vingene "forsvinn" nemleg i havet. No er me i ferd med å grava vår eigen grav, men me får nok heilt sikkert god hjelp frå ei batteridreven miljøvennleg gravemaskin. Eg meiner dette må sjåast på.

Back to Top